|
Retningsliner for tildeling av midlar frå NFMF
|
Vedteke på årsmøte 17. november 2000
NFMF har som målsetjing å stimulera medlemmene til kompetanseoppbygging
innan fagområdet medisinsk fysikk ved å gje økonomisk
støtte til deltaking på nasjonale og internasjonale kurs og
konferansar, til gjesteopphald på andre institusjonar, utveksling
av fagpersonell mv. Midlar frå foreininga er meint som eit tilskot,
og vil vanlegvis ikkje vera fullfinansierande for søknaden.
Økonomisk ramme
Årsmøtet vedtek i budsjettet for komande år ramme for
tildeling av midlar.
Aktuelle søkjarar
Berre personar som har fullt medlemskap i NFMF kan søkja støtte.
Fysikarar i startfase og fysikarar som har vanskar med å få
pengar til slik reise av eigen institusjon skal prioriterast høgast
blant søkjarane.
Søknadsfristar
Søknadsfrist for tildeling av midlar er 01.02. og 01.06. kvart år.
Opplysningar om dette står på nettsidene til foreininga.
Søknaden
Søknad om tildeling av midlar skal innehalda:
-
omtale av formålet med søknaden
-
kopi av relevante kursplanar, konferansefoldarar mv.
-
budsjett for søknaden
Kriterie for tildeling av midlar
Styret i NFMF avgjer søknadane etter følgjande kriterie i
prioritert rekkefølgje:
-
Deltaking på kurs/ konferansar som ledd i kompetanseoppbygging.
-
Deltaking på kurs/ konferansar der ein presenterer eige arbeid.
-
Gjesteopphald, utveksling av fagpersonell.
Relevante søkjarar som tidlegare ikkje har fått midlar
kan prioriterast framfor søkjarar som har fått midlar.
Kompetanseoppbygging skal vektleggjast sterkt, og søkjarar i
opplæringsfase kan prioriterast opp.
Søknadsbeløp
Styret avgjer kor mange av søkjarane som får midlar, og fordelinga
av midlane mellom søkjarane. Vanlegvis vil halvparten av budsjetterte
midlar bli utdelt ved kvar av dei to årlege søknadsrundane.
Styret bør ikkje gje ut meir midlar enn det som er budsjettert.
Styret kan velja å ikkje dela ut midlar dersom dei ikkje får
relevante søknader, eller dersom økonomien til foreininga
er blitt vesentleg forverra i høve til vedteke budsjett.
Habilitet
Dersom styremedlemmer sjølve er søkjarar eller er medforfattar
på arbeid det er søkt støtte til, skal ikkje vedkomande
vera med på handsaming av søknadane.
Avgjerd i styret
Styret skal handsama søknadane innan ein månad etter søknadsfristen.
Dei som får bevilga midlar skal få skriftleg melding om dette.
Utbetaling av midlar
Kasserar betaler ut bevilga midlar etter mottak av rekneskap med originalkvitteringar.
I spesielle tilfelle kan utbetalinga skje forskotsvis. Reiserekning må
sendast NFMF innan 1 månad etter avslutta reise.
Formidling
NFMF bed ikkje om eigen rapport for bruk av dei bevilga midlane, men ser
gjerne at mottakar bidrar på MedFys-dagane med relevant fagleg presentasjon.
(eige arbeid, referat frå konferansar, kurs, gjesteopphald oa.).
Sist oppdatert 18.01.2010 av Rune 